Egen campingklubb
MA Campingklubb
Velkommen til MAs egen campingklubb! Den ble stifta 22. oktober 1983 og skal samle camping- og friluftsinteresserte medlemmer og arbeide for å ivareta deira interesser.
Kontakt oss
Alf Seim
leder
tlf. 952 09 501
inhsei@online.no
Per Kristian Halle
sekretær
tlf. 920 31 813
per.kr.halle@gmail.com
Treffprogram 2024
Pinsetreffet, 6. – 9. juni, Åndalsnes i samband med MA – Rusfri Trafikk sitt landsmøte.
Vi har reservert 20 plassar på Mjelva camping, som ligg ca 4 km frå Åndalsnes sentrum.
Innkøyring torsdag 6. juni etter kl. 12.00
Ønskjer nokon å koma tidlegare enn torsdag, må dette opplysast ved påmelding
Ein del av programmet vil bli samordna med MA sitt landsmøte. For meir informasjon om dei ulike arrangementa, sjå informasjon om landsmøtet på denne sida. Ved å klikke her kjem du rett til skjema for aktivitetar og prisar.
Påmelding til Alf Seim; mobil 952 09 501 eller e-post inhsei@online.no
Påmeldingsfrist: Måndag 22. april 2024
Pris oppstillingsplass m/straum: kr 350,- pr døgn pr bil
Klubben har avtale med campingplassen og vil få faktura på oppstilling.
Eigenandel treff kr 600,- pr person som dekkjer samling torsdag, tur ikkje delegatar og landsmøtemiddag fredag)
Dersom nokon av klubben sine medlemer også skal vera delegat frå si MA avdeling, reknar vi med at avdelinga vil dekka kostnaden med landsmøtefest og mat på hotellet fredag og laurdag. Eigenandelen vil såleis vera lik denne kostnaden. Klubben ordnar med transport til / frå hotellet /campingplassen. Husk at delegatar må senda eigen påmelding til MA, og her er fristen 12. april.
Ved påmelding må du opplysa om:
- Kva tur/ar du/de vil delta på
- Om du /de har allergiar med omsyn til mat
- Om nokon er delegat og evt. for kva avdeling
Program:
Torsdag – Innkøyring etter kl. 12.00
17.45 – Buss frå campingplassen
18.00 – Kveldssamling i Åndalsnes bedehus
Ca 21.00 – Buss – retur til campingplassen.
Fredag
10.00 – Buss frå campingplass til hotellet i samband med tur
«ikkje delegatar»
18.30 – Buss frå campingplassen til hotellet
19.00 – Landsmøtefest
Buss tilbake til campingplassen etter festen
Laurdag
14.00 – Hesteskokasting
17.00 – Felles grilling. Alle ordnar med eigen grillmat
19.00 – Årsmøte i kafeen m/ Klubblotteri. Husk å ta med gevinst
Søndag – Heimreise
Sensommartreffet, 1. – 4. august, Marivold camping, Grimstad.
Vi har reservert 25. plassar frå torsdag til søndag, på den nye oppstillingsplassen tilrettelagt for bubilar.
Grunna stor pågang etter desse plassane, må klubben gje melding til campingplassen innan 15. juni på kor mange plassar vi treng. Klubben må difor ha ekstra tidleg påmelding.
Ønskjer nokon å koma tidlegare enn torsdag, må dette opplysast ved påmelding.
Fredag blir det båttur. Da får vi ein tur i «Terje Vigens kjølevann…» dvs. ein tur rundt Hesnesøy/Kvaløya kor Terje kom frå. Vi får også et møte med den typiske sørlandske skjergard.
Båten er en gammal fiskebåt med namn «Østerøy». Denne vert brukt til sightseeing og som badebåt i Grimstad gjennom hele sommaren. Det er Kystlaget i Grimstad som eig båten. Gå inn på Badebåten i Grimstad der ligger det bilde.
Laurdag skal vi ha samling i restauranten. Her vil det bli pizza buffé. Restauranten lager eigen glutenfri pizza. Ved påmelding må det opplysast om allergiar.
Påmelding til Alf Seim; mobil 952 09 501 eller e-post inhsei@online.no
Påmeldingsfrist: Måndag 10. juni 2024
Pris oppstillingsplass m/straum kr 350,- pr døgn pr bil
Klubben har avtale med campingplassen, og vil få tilsendt faktura.
Eigenandel treff: kr 300,- pr pers. ( dekkjer båttur og pizzabufé laurdag)
Program:
Torsdag 1. 8. – Innkøyring etter kl. 12.00
17.00 – Velkomen, kaffi og nysteikte vaflar
Fredag
12.45 – Båttur, ca. 2 timar
17.00 – Felles grilling (alle ordnar med eigen grillmat)
Laurdag
15.00 – Hesteskokasting
18.00 – Samling i restauranten m/ pizza og klubblotteri.
Husk å ta med gevinst.
Krabbetreffet, 16. – 18. august, Skadberg Camping, Nordre Eigerøy.
Som namnet tilseier, er det sjømat som står på menyen som vi koser oss med laurdag ettermiddag /kveld. For nokre startar treffet torsdag med oppsetting av telt, setting av krabbeteiner og fisking etter makrell. Ellers kjøper vi inn reker og laks.
Kostnaden med innkjøp av mat vert delt på antal deltakare, i snitt 150 – 200 kroner pr pers.
Påmelding til Gunleiv Engedal; mobil 976 98 993 eller e-post tonejengedal@gmail.com
Påmeldingsfrist: Torsdag 8. august 2024
Pris oppstillingsplass m/straum kr 300,- pr døgn pr bil
Klubben har avtale med campingplassen, og vil få tilsendt faktura.
Fredag – Setting av krabbeteiner. Atterhald om nokolunde bra vær.
Kl. 17.00 – Velkomen, kaffi og nysteikte lappar.
Kl. 19.00 – Vi koser oss med nykokte krabber
Laurdag morgon – Trekking av teiner
17.00 – Vi koser oss med god og rikeleg med sjømat.
Klubb-lotteri – husk av ta med gevinstar
Sundag – Avslutting / Nedrigging av telt ( alle hjelper til) / Heimreise
Generell info
MA Campingklubb, stifta 22. oktober 1983, skal samle camping- og friluftsinteresserte medlemmer og arbeide for å ivareta deira interesser. MA Campingklubb er tilknytt MA – Rusfri Trafikk.
Det ordinære årsprogrammet omfattar 3 treff. Treffa blir lagt til ulike campingplassar i sør/midt-Norge. Vi prøver å finna plassar med god standard, men unngår store familieparkar. Viktig er det at plassen har eit stad der vi og kan samlast inne, dersom dårleg vær.
Alle treffa er rusfrie.
For dei som ikkje har bubil/vogn, legg vi til rette for alternativ innkvartering enten i hytte eller leilegheit. Unnataket er Krabbetreffet der vi ikkje tilbyr dette. Dersom nokon ønskjer å nytta telt, legg vi og til rette for det.
Til kvar sesong vert det utarbeid eit treffprogram; Stad, tid, program og prisar.
Ut frå påmelding reserverer vi oppstillingsplassar. Påmeldingsfristen er som regel 10 dagar før treffet.
Gjester som ønskjer eit rusfritt camping-samvær er alltid velkomne på samlingane våre.
Lokale MA medlemer er og velkomne til å delta på heile eller deler av treffa våre. Husk berre å gje beskjed til treffansvarleg.
Vi har ikkje særskild «treffavgift», men på kvart treff har vi eit klubblotteri. Treffdeltakarane tar med ein liten gevinst til ei utlodding for å dekka kostnader med treffet. Kostnader med tur/fellesmåltid kjem i tillegg. Deltakarane tek med mat og drikke til felles grilling.
Viktig for alle treffa er det sosiale, det å ha tid til kvarandre, og bli kjent med nye familiar. For oss er det viktig at nye familiar føler seg velkomen og blir ein del av gruppa.
Storleiken på treffa er rundt 20 bilar /vogner
Medlemskontingenten i campingklubben er på kr. 200 og gjeld heile familien, og blir brukt som ein del av finansieringa for drift av klubben /treffa.
Hesteskokasting og felles grilling er fast innslag på pinse- og hausttreffet.
Om aktivitetane i klubben
Pinsetreffet
Startar fredag før pinse og vert avslutta 2. pinsedag. Pinsetreffet er og tid for klubben sitt årsmøte. Vi har og gjerne ei utflukt laurdag i tillegg til sosiale samlingar.
Hausttreffet
Treffet blir som regel lagt til første helga i august, frå fredag til søndag. Treffet kan og bli utvida med 1 dag dersom det vert lagt opp til heildagstur fredag.
Krabbetreffet
Dette blir alltid avvikla medio august, på Skadberg Camping på Eigerøya, nær Egersund. Treffet er frå fredag til søndag. Som namnet tilseier, er det sjømat som står på menyen som vi koser oss med laurdag ettermiddag /kveld. For nokre startar treffet torsdag med oppsetting av telt, setting av krabbeteiner og fisking etter makrell. Elles kjøper vi inn reker og laks. Kvar familie har sjølv med det dei vil ha av drikke. Kostnaden med innkjøp av mat vert delt på antal deltakare, i snitt kr 150,- pr pers. Søndag hjelper alle til med å ta ned telta.
Typisk treffprogram
Fredag: Innsjekking, oppstilling. Rigging av møtetelt. Kl 17: Gjensyn – kos med nysteikte vafler og kaffi. Klubben ordnar med vafler m.v.
Laurdag: Felles tur til eitt eller anna turistmål innan rekkevidde frå treffplassen. Pinsetreffet: Årsmøte kl 18, middag kl 19. Elles: Hesteskokasting med premiering kl 15. Grilltenning kl 17. Klubben ordnar med felles grillar. Utlodding.
Sundag: Utsjekking og avreise.
Formelt varer treffa frå fredag til sundag (til måndag i pinsa), men de kan gjerne kome tidlegare i veka eller bli fleire dagar.