Landsmøte 2024

Landsmøte 2024

På denne siden vil du finne alt du trenger å vite om landsmøtet 2024.

Siden oppdateres fortløpende med mer informasjon

Hvor og når

Landsmøtet 2024 finner sted i Åndalsnes, 7.- 8. juni 2024.

Lokasjon er Grand Hotell, Åndalsnes.

Hvordan melder jeg meg på?

HER finner du påmeldingsskjema til landsmøtet 2024. Der finner du også oversikt over aktiviteter og priser.

 

Om lokasjonen

Velkomen til Raumariket!

(Forfatter: Edmund Søvik)

Romsdalen, med Raumaelva buldrande og flytande i dalbotnen, bind saman austland og vestland. Her har trafikken gått mellom innlandet og kysten så lenge folk har budd her, og her ønskjer me MA-folket velkomne i 2024.

Dette var ferdselsåre for frakt, handel og folkevandringar. Den store Romsdalsmarknaden kvar haust finst det restar av framleis. Turisttrafikken kom i gang ved midten av 1800-talet med engelske og tyske turistar som ville fiske og jakte og oppleve vill natur. Noko av det same kan me tilby i dag. Slagordet til Rauma kommune er «Verdens beste kommune for naturglade menneske.»

Raumaelva er framleis lakseelv med Lord Davenport på plass pluss kven som helst, trass i at lakseparasitten Gyrodactylus heldt på å øydeleggje alt for ein del år sidan.

Klatring kom for alvor i gang i 1880-åra, og Åndalsnes er landets klatrehovudstad med Tindesenteret midt i byen.

Cruiseskipa inntok staden samtidig med fjellklatringa. Kvar sommar kjem mellom 60 og 70 skip.

Den gamle strandstaden var Veblungsnes på vestre sida av elveosen, men behov for betre hamn og veg gjennom dalen førte til at Åndalsnes overtok tettstadsfunksjonen.

Så kom Raumabanen. I 1924 vart den opna, og kan då feire 100 år i år. Den er kåra til ein av verdas vakraste togreiser.

Det neste var den ville ideen å bygge veg over Trollstigen. Den skulle knyte Sunnmøre lettare til jernbanen og fremje turisttrafikken. Det siste har slått til. I 1936 opna den mest spektakulære fjellvegen i Norge, og som «alle» må køyre.

Lenge var fjorden samferdselsåra vidare, men i 1945 kom vegsambandet til Ålesund.

Folket, som lever i skjeringspunktet mellom Austlandet, Vestlandet og Trøndelag, noko som ein høyrer på dialekta, har levd av jordbruket, her som andre stader, men med tilskot av samferdsel, handel og turisme. Ei særeigen næring har i tillegg prega bygdene i indre Romsdal, nemleg konfeksjonsindustrien. Historia starta med produksjon og handel av husflidsvarer frå midten av 1800-talet og utvikla seg til ein omfattande industri av særleg herrekonfeksjon som førte til begrepet «Norges kleskammer» i 1930-åra. Isfjorden ved Åndalsnes var først ute i landet med ferdigproduksjon av klede og sko av noko omfang frå 1860-åra. «Konfeksjonens vogge» i Norge stod i Isfjorden vert det sagt. I dag er alt utflagga, berre Wenaas-namnet og Konfeksjonsmuseet står att.

Siste krigen vart eit tidsskilje over alt, og ikkje minst på Åndalsnes og Veblungsnes. Den strategiske plasseringa med jernbane og veg til fjord og hav var noko tyskerane kjente til. Når så mobiliseringa kom, og engelskmennene landsette styrkar her, var «infernoet» i gang. Her kom kongen og regjeringa flyktande og den store gulltransporten frå Norges Bank skulle passere. Dermed utsletta tyskerane både Åndalsnes og Veblungsnes med spreng- og brannbombene våren 1940. Dernest etablerte dei ein sterk base med alt som følgde med, slik som fangeleirar av russerar og andre.

Kva har me å tilby i dag til ein MA-medlem som kjem på landsmøtet? Sjåføren bør stoppe ved Trollveggen og gjerne sjå filmen om Trolltindane. Trollstigen er ei oppleving om ein har køyrt der 10 gonger før. Bilturen til Venjesdalen er flott også om du ikkje kan gå ein meter til fots.

Til fots kan du velgje mellom ein rusletur på Setnesmoen, der Kompani Lauritzen heldt til, kanskje i same omgang ta eit slag golf på norges første golfbane. Frå Åndalsnes sentrum går du 10 minutt opp til Nebba, eller fortset til Rampestreken og Nesaksla (Eggen) 700 moh. Vil du ikkje gå, kan du ta Romsdalsgondolen og rusle rundt på toppen eller besøke restauranten. For den spreke, er Romsdalseggen det store. Du går frå Venjesdalen til Åndalsnes – ein tur du aldri vil gløyme. Ein enkel variant er å gå opp til Litlefjellet frå Venjesdalen når du først køyrer dit. Her får du billeg det flottaste utsynet til alle klassikarane i romsdalsalpane: Venjestindane, Romsdalshornet og Trolltindane. Klatring er ikkje for dei fleste, men Via Ferrata-ruta ved Åndalsnes i to vanskegradar er ei fin utfordring, og er det dårleg ver, er klatrehallen i Tindesenteret eit alternativ. Trollfilmen og museet i Tindesenteret må du få med deg.

Elles er det mange som ønskjer å sjå Konfeksjonsmuseet i Isfjorden, krigsmuseet på Åndalsnes og besøke Rauma Ullvarefabrikk.

Velkomne til Rauma og Åndalsnes!

Helsing frå landsmøtekomiteen og arrangøravdelingene, Nordmøre og Romsdal og Nordre Sunnmøre.

Bilder